Slik ser me ut no, og slik skal me vere i ei veke. Alven i midten trudde ikkje på oss, so ho må vere alv i fire dagar, etter å ha tapt eit veddemål.
This is how we look now, and we are supposed to be like this for one week. The Elf in the middle didt'n believe us, so she has to be an elf for four days, after she lost the bet.
På fredag arrangerte jentene på Raj Maison A-Party (alle måtte vere noko som starta på A). Her er Ali Baba med ei Arabisk prinsesse.
Det var eit stort jordskjelv i Indonesia, og India og Syd-Aust Asia var på tsunami-alerten. Her er Anders og Bordviken på veg ned til promenaden for å finne ein restaurant med takterrasse og sea-view. Me vart som alle andre stogga av politiet, det er godt å sjå at systemet fungerar. Det vart forresten ingen tsunami.
Me har begge kjøpt oss det tradisjonelle plagget Longi, eit slagt skjørt for menn. Det er svært luftig å behageleg å gå med. Her poserar eg utanfor den svære gull-golfballen i Auroville rett nord for Pondicherry.
Godt råd: Swimming is thrill but it will kill.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar