laurdag 18. august 2007

Då me nesten vart Bollywoodstjerner, og ein sekk på avvegar.

No er me trygt på plass i India, men eg er i Pondycherry, Bordviken er i Mamallapuram og sekken hans er med nokon austerrikarar i den spirituelle og ideolistiske utopibyen Auroville.

Slik skjedde det...

Etter 32 timar med reising og venting på diverse flyplassar, landa me i 6 millionarbyen Chennai i søraust-India. Frå flyplassen bar det vidare med ein liten rickshaw ut i den intense indiske storbytrafikken. Med to sekkar kvar var det vanskeleg å få plass, og knea våre stakk ut på begge sider medan bussar, lastebilar og motorsyklar susa forbi. Me tenkte å få oss ein litt roleg start, og tok derfor bussen sørover til den forholdsvis turistifiserte kystbyen Mamallapuram. Bussturen på to timar kosta oss 3,20kr, så eg trur nok me skal komme langt i dette landet med våre oljepengar.

Har til no ete ute på restaurant tre gonger for dagen, enormt billeg og heilt fantastisk god mat, meir er det ikkje å seie om den saken. Etter ei lang og varm natt, slappa med av vad bassenget og fekk med oss dei lokale turistatraksjonane. Mamallapuram hadde nokon ganske så fantastiske tempel hogd ut i stein, skal leggje ut bileter seinare.

Andre dagen, rett før me skulle gå heim, skjedde det som me kun har høyrt at kan skje, men kanskje ikkje hadde forventa at skulle skje oss etter kun ei natt i India, me vart headhunta for å delta i ein Bollywood film dagen etter!!! Sjølvsagt sa me ja på staden. Me skulle vere russarar begge to, noko som eg må seie at me passar svært godt til begge to. Me skulle møte dagen etter kl. 06.00 og køyre til ein location som visstnok skulle likne på Russland, ein plass mellom Mamallapuram og Pondycherry. Dei skulle køyre oss vidare til Pondycherry etterpå, noko som passa bra ettersom det var der me hadde tenkt oss. For 12 timars arbeid skulle me få 700rupi (omtrent 100kr)! Me glada oss som nokon ungar. Vel nede på settet, var visst ikkje alt som det skulle vere, folk stod med vatn opp til knea på jordet der dei tydelegvis hadde tenkt å spele inn det russiske slaget. "No filming today", me var skuffa. Dei skulle allikevel køyre oss vidare til Pondycherry. Den store sekken til Sigurd var i ein annan taxi enn den me køyrde i, men det skulle visst gå fint, for dei skulle visst køyre til same plass. Det skulle vise seg å ikkje stemme, so etter mykje dårleg kommunikasjon, dårleg mobildekning og elles mykje om og men, er altså sekken til Bordviken i Auroville hos nokon austerrikarar, Bordviken sjølv er tilbake i Mamallapuram, og eg er på plass i Pondycherry. Om to dagar skal me levere inn ei oppgåve som me har hatt heile sommaren på å skrive, men som me sjølvsagt har utsett å gjere. Eg har laptopen og Sigurd har bøkene. Det vert nok mykje skriving og lesing i morgon, når Sigurd etterkvart kjem seg ned hit.


Sigurd S.

Ingen kommentarer: